Det kom ein dag for venting og bot.
Gjenbesøket gjekk seg
til eit gamalt vakuum av sol og landvind.
Eg vart ein framand
kjenning i en fullsjenka by.
Artig nok det.
Men eg kom meg
dit aldri med meg
sjølve. Med sjølvet. Kor
eg no kan ha lagt
den eininga i frå meg.
Kvarv burt som eim mellom glasa her
og der,
gjorde ho,
sjela mi.
Ein statsråd
går framom sofagruppa
her no.
Han snakkar i mobil med
bakrusrøyst.
Å få dei uutseielege
samanhengane
fanga i
dei orda ein ikkje får sagt
når
ein skriv ned
dei
skarve
orda
ein
evnar nemna.
Er berre å dikta
ho saman
att. Sjela.
Å tapa eit auge gjer mørkret
større, og lyset
smalt og utan djup.
Ein krek
seg no i veg
i drift
for vær
og vind i skorpa
oppå einsemdsyta.
Å ikkje kjenne sjela og leva
berre oppå yta av
einsemda, gjer no livet
heller flatt og lite, synest eg.
Sånn kan ein ikke ha det.
Nei. Det kan ein
ikkje.