torsdag 17. september 2020

Heilag er stunda

Tei med ditt snakk.
Byd kjærleik og takk.
Stå støtt i den heilage stund.
Sanninga talar der ord ikkje er. 
Sjå ho i auga og kyss hennar munn.
Lat det verta gjort, det du gjer.
Her ansar du sanninga; naken og sterk. 
Løgna er orda sitt verk.

Tak det med tol.
Vær vatn og kol.
Bær ikkje meir med enn du er. 
Varmen i bringa er tida som brenn. 
Elden og maktene berger deg her,-
om løgna vert nærmaste venn. 
Sjå etter løyndommen sanninga kan,-
på mjukaste staden du fann.

Sånn er den trua; at visse er løgn,
mot sanninga open og vid.
Jau. Akt på ditt ord. 
Vær audmjuk og stor.
Lev dine modige dagar og døgn.
Uviss er sanninga, æve og tid.

Med kloden kverv tida i rasande fart. 
Heilag er stunda som vart.

søndag 13. september 2020

Vettet vantar

Den grådige brukar sin skamlause teft. 
Du herskar i vantande vett og forakt;
med skiten som renn som eit hat or din kjeft. 
Ei natt kjem no. Tida tek frå oss all makt.
All sanning er ofra i menneskejakt.

Sjå,- kor dei hundrade fuglane flyg,-
i tankelaus flabbkjeft og tomhjerna prat,
mot verda frå staden der du sit og lyg.
Den skiten som renn deg or kjeften som hat,
er vettet som vantar deg,- fora med mat. 

Dei svake må ta at du kallar dei svin.
Ein grådig får hata dei kunnige to.
Den redde må tole ditt heslige grin.
Fascisten vil bada all verda i blod.
Det vettet som vantar deg saknar vi no.

slå ei plate til

her oppå borga 
av bløff
kan vi tru
kva vi vil

her vører vi ingen ting

korkje
svoltne og fillete
ungar eller skrullete
kvinnfolk eller karar
brann eller flaum
vett eller visdom 

sånt og sånne
kan takka seg

sjølve

hit opp kjem ingen
vantruande

her skal den dumme ha  
takk for å hata
kunnskapen 

gje oss berre

steinar for brød
løgner for sanning
pengar for kjærleik
og fleire og fleire og
meire og meire av
alt vi kan eiga
til den dag kjem at 
vi aldri kan døy 

når flaum og sanning
trugar:
slå ei plate til
i grunnvollane

av gamal
løgn til å tru på 

så lenge vindane vil
blåsa


lørdag 12. september 2020

credo

der ord ikkje er
talar sanning

frå ein stad

gøymd burt i
opne auge
som ser  

vil løgna om
sanning
kverva burt 

i dei varaste kyss

av sanning 

for alle dagar av
æva