tirsdag 11. oktober 2016

Rimfrost

Morgondogga

fell som rimfrost

no. 
Og skin

i det kvervande

mørkret. Ho

stiller otta for æve

og inkje.

Og for

kanhende

aldri

å få døy; når ein ikkje

meir har liv

att.

Den dagen. Ein annan ein

det. Til

då 
skal eg

helsa dei stigande

dagar som denne.

Med kaffien kvit og søt.

Kom så med han.

lørdag 8. oktober 2016

Nope

Dagen. 
Eg undrast. 
Til søta kaffi med melk 
og Selbu blå. 

Blank sol på 
klår himmel ute. 
Eg les litt 
i den radue avisa. 

Og skal ingen stader. 
No. Nope.