onsdag 18. mai 2016

Klinganede pianissimo

salmesongen syng seg til det ordet
korsongaren held seg fast i verda
med i klingande pianissimo

glepp ordet glepp verda

bortom orda er berre inkja då og
æva har vore og er og vert
ikkje farlegare no

han ottast ho så han teia og
song si siste tone no

21. juni 2015