onsdag 28. mai 2014

Heilag morgon

Eg er oppe og utsove 
til då sola strekk seg
over kronane av lauv
i nordaust. 

Den dag som for 
vart ein god dag. 
Her kjem det ein ny ein.

Eg et egg og bacon, 
og drikk søta kaffi med melk i. 

Så opnar eg 
vindauget i storstova
og stekk nasen ut.

Ei kort stund 
har eg mi tid
med Herren, eller nokon,
og er til under alle himlane.

Morgonen angar av under; 
ein heilag
vanleg onsdag
tek no til.