notater i marg og bein
Godord
lørdag 20. juli 2019
dråpe i havet
vær no noko om du må
då vær skipper og poet i
sundet av æva; på
stranda mot inkja
meir viss enn visse
om daude
sann sanning
ikkje er
ved Vik i Helgeland
angar av frau og fjære
dei gröna ängarna blå
ørretsprett sprett
på våg, krøttera rautar; og
høge står himlane
av inkja
og æva
kjærleiken er
fredag 19. juli 2019
Helgeland blå
song av hav ein blues i moll
opnar opp eit heilagt land
skar ost til skiva
av systrer og horn og hattar
seglar ein spegel
av æve
og inkje i
raud kjærleik
Simavikdråpa
vind tek tak i Simavik
av sørvest regn og peising
havet hutrar
rev og rådyr
driv över ängar
lunt brenn logen i
omnen og eldar
i bringa og
i Måneset
storstille natt i Måneset
båt og båtkar bur berre
to i hamna
hegra sto ei stund og
flaug fluks no
kjærleiken
hekkar her
og vinden
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Sivilisasjonens røst
Under en blyhimmel