torsdag 28. desember 2017

Trua

Mørkret kverv burt.
Den fyrste veksande dag er komen.

Kaffi no. Kvit. Og litt søta.
Takk no. Kvit. Og sterk.

Nokon ventar. Nokon treng meg.

Ein får få ha trua.
Ein kan kanhende fort finne trua.
Ein får få ta til trua no.

Att.

tirsdag 29. august 2017

Sjarmøren

På Bakklandets vakre Maja:

No ha-ar’n gått og rangla
i sjuåttogførti år.
Æ veit itj at hain har mangla
glæder i karsk og tår.
Gliset var godt og røsten klar
på veian som gikk i fra bar tel ba-ar.
Han har vel knapt nok hangla
en time av sine år.

En grossist i stasgitara
spelle på mang en streng.
Guten e gut te kar ja.
Og bankan e foill av pæng.
Nån av dem e vel hainnes og,-
så da må da verden vel kunn forstå-å:
Artigast med nån vara,-
så musikken vare læng!

Tida går fort til seksti.
Ta det med godt humør.
En alderdom med litt vekst i
har vi itj opplevd før.
Livet er kort, men kunsten lang,-
det har vi sa-ainna gang på ga-ang.
Melodisk sang med tekst i
er liv for en sann sjarmør.

(evt. instrumentalmellomspill, evt. med soli ad lib) 

Herren med godgutblikket
e evig vår gode venn.
Tida får bare tikke
og gå roinnt og roinnt igjen.
Et langt liv vil gi ei fotsi task;-
og jorda er stør einn ei brennvinsfla-ask.
Sjå verden med godgutblikket.
Hepp, hepp, vår gode venn!

(rep med ritaradando; forte nest sist linje evt. oppgang ad lib siste) 

Sjå verden med godgutblikket!
Hepp, hepp hurra,- min venn!

onsdag 28. juni 2017

Eitt

Eg?
Eg gjer den jobben eg finn på bordet.
Abrakadabra rattatta.
Det er berre eitt med han.
Han må gjerast.

fredag 31. mars 2017

morgonpastorale

finner freden
i æve og inkje
fridag fredag formiddag
grip gleda
og syng ho med
beethovens sjette

kan hende

vert dagen min og
eg kvelvar kaffi i
han her heime

så kom berre så
med han no

lørdag 4. februar 2017

januarmorra

Selbu blå
med speilegg på
kaffi kvit med søtt i og
søndag god
i vinter varm

fredag 27. januar 2017

i Jämtland

fridag fredag freistar
høg himmel över
ull under innerst
i jämtarnas ljuva land

portvinsgamle ole
med mellanöl
attåt

sakkarin i kaffi kopp
- med mellanmjölk
oppi

i live vil
han dø
och han kan leva
kan han


en natt i norden