tirsdag 18. august 2015

Skipperskrøne

eg får visst litt klem i bringa
av denne jævla
nordavinden
frå havet

og bortetter kaia
no tenner eg meg ein sigg
ein må kunne unne seg  ein sigg
på havet
eg blir så røyksjuk
på havet

Åh! rull meg ein røyk, kan du?
eg vil ikkje ha meir snus no
eller tyggis
eg vil røyke!
på havet
The real thing.
rullings
som ein kystkar
frå havet

Rull
meg
ein
ramsalte
karar
vi døyr ikkje
vi bliv
på havet